Familien er skuffa over korleis ferjeselskapet Tide har handsama saka.

— Eg skal aldri meir opp på eit hengedekk, seier Kjell Åge Totland frå Sunde i Kvinnherad.

Saman med sambuaren Cathrine og barna Sebastian og Marcus fekk han ei skrekkoppleving om bord på ferja MF «Rosendal».

Det er avisa Kvinnheringen som fortel om uhellet som skjedde 10. august på Gjermundshamn.

- Katastrofale følgjer

Ferja var full, og Volvoen til familien Totland køyrde sist opp på hengedekket. Mannskapet heiste rampen opp for å skvisa ein siste bil inn under hengedekket.

— Det gjekk fire - fem sekund. Så raste me rett ned. Dekket bråstoppa nokre centimeter over bildekket. Det var ikkje noka kjekk oppleving, seier Totland.

Han sat sjølv fastspent og barna sat i kvar sin bilstol. Sambuaren Cathrine derimot hadde løyst selen for å sjå til ungane.

— Ho blei kasta opp i taket og skadde nakken. Ein del blåmerke på kroppen fekk ho også.

Ulukka kunne fort ha resultert i fleire ofre. Ifølgje Totland stod ein annan bil klar til å køyra inn under hengedekket.

— Men hell i uhell, så fall dekket ned. Dette kunne jo raskt ha fått katastrofale følgjer.

- Framleis verk i nakken

Volvoen blei formeleg trykt saman. Dørene bak lot seg ikkje opna, og barna måtte hentast ut via forsetet.

Familien blei sendt heim i taxi med beskjed om å setja bilen på verkstad og senda rekninga til Tide. Skademelding rakk ikkje mannskapet å fylla ferdig ut. Dei måtte halda ruta, ifølgje lokalavisa.

Utover søndagskvelden kom nakkesmertene. Cathrine kontakta legevakta. Dagen etter kunne fastlegen hennar konstatera vriding i nakken.

— Ho blei sjukmeld i 14 dagar. Det går bra med ho no, men framleis har ho litt verk i nakken, fortel Totland.

- Vurderte kondemnering

Bilen deira stod på verkstad i over ein månad. Likevel fekk ikkje småbarnsfamilien leigebil. Reparasjonen kom på heile 75.000 kroner.

— Verkstaden vurderte å kondemnera bilen, men forsikringsselskapet til Tide sa nei, seier Totland.

**Tide:

— Visste ikkje om personskaden**

Veker gjekk utan at dei høyrde noko frå Tide. Forsikringsselskapet rådde dei til å politimelde saka på grunn av personskaden.

Totland skreiv også eit brev til Sjøfartsdirektoratet og fortalde om opplevinga.

Politietterforsking

At det var familien og ikkje Tide som rapporterte om hendinga, er i følgje Sjøfartsdirektoratet brot på vedtekne føresegner om rapporteringsrutinar, skriv avisa Kvinnheringen.

— Sjøfartsdirektoratet ser alvorleg på denne type hendingar på grunn av skadepotensialet, seier kommunikasjonsdirektør Eilif Fjon i Direktoratet til lokalavisa.

Representantar frå Sjøfartsdirektoratet var førre veke om bord i MF «Rosendal». No skal alle ferjer med liknande hengedekk kontrollerast. Politiet har også starta etterforsking av saka.

Har du opplevd noko liknande?