Politiet trengte berre gå ned trappa på politihuset i Førde for å snakke til dei strippande mennene i 20-åra.

Ifølgje nettavisa til Firda sprang mennene ublyge fram og tilbake ved vegkrysset mellom Esso og politistasjonen, medan dei vifta med armane og snudde dei blanke messingane i alle retningar.

Det heile såg ut som eit vorspiel på overtid, skriv avisa om nakendansen, som gjekk føre seg i halv eittida natt til laurdag.

Fleier tilskodarar, deriblant nokre yngre jenter, skal ha vore tilskodarar til strippeshowet. Men då ein polititenestemann kika ut vindauget og fekk auge på den lettkledde dansinga, var det snart slutt.

To av stripparane stakk av garde i nettoen. Politiet tok opp jakta, men kom tomhendte tilbake. Dei andre mennene blei ståande igjen med politiet.

Ifølgje Fira følgde bensinkjøpande bilførar med på opptrinnet og diskusjonen mellom politiet og dei nyleg påkledde mennene.

Ein av nakendansarane blei teken inn i politihuset for tilsnakk.

Operasjonsleigar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til BT at stripparane kan bli melde for uanstendig åtferd. I så fall risikerer mennene bøter for nakendansen.

— Dei var kanskje inspirert av hendinga på Quart-festivalen, seier Hope, som søndag kveld ikkje kjende detaljane i saka.