SIM Næring har sidan 1997 hatt løyve frå Statens Strålevern til å ta imot og lagra lågradioaktivt avfall frå oljeindustrien. Avfallet er i hovudsak naturleg lågradioaktivt stoff i avleiringar eller belegg på innsida av røyr og utstyr nytta i oljeproduksjonen.

Dei radioaktive isotopane Radium-226 og Radium-228 finst i små mengder i naturen. Avleiringane i oljeproduksjonsutstyret kjem til Eldøyane som spesialavfall i samband med opphogginga av eldre olje— og gassplattformer.

På britisk sokkel er det tillate å spyla røyr og utstyrt reine for lågradioaktivt stoff, slik at det hamnar i sjøen. På norsk side blir spylevatnet lagra på land i spesielle behaldarar på fleire basar langs kysten.

Spylevatnet inneheld hydrokarbon og er såleis ikkje stabilt. Det er derfor SIM Næring ønskjer å handsama avfallet vidare.

SIM Næring vurderer i samarbeid med selskapet Radex AS å byggja eit prosessanlegg der avfallet kan reduserast ned til 2-3 prosent av opphaveleg mengd ved å skilja ut det lågradioaktive avfallet. Anlegget blir lukka og har ein oppsamlingsfunksjon dersom det skjer ein akutt lekkasje, opplyser dagleg leiar i SIM Næring, Arne Mikkelson i ei orientering gjennom avisa Sunnhordland.