Bergensaren Kenneth Nilsen (48) er næraste nabo til Ola Braanaas på Skjerjehamn. Han aksepterer ikkje at det nær åtte meter høge monumentet av kong Olav V blir plassert på toppunktet på øya, tett inntil hans eigedom.

— Eg kjem til å protestere, og kjem ikkje til å gje meg. Siste ordet er ikkje sagt i denne saka, seier Nilsen.

Feriestad

Skjerjehamn er ei øy som via ein molo er landfast med den langt større Sandøya. Lengst nord ligg den gamle skysstaden. Området i sør kjøpte entreprenøren Kenneth Nilsen i 1993, og har seinare brukt det som feriestad.

For tre år sidan fekk Nilsen løyve til å føre opp ei hytte. No har kommunen bedt han vente med å byggje fritidsbustaden. Grunnen er at dei vil lage ein reguleringsplan for heile Skjerjehamn.

— Eg har fått eit brev frå kommunen som eg oppfattar som eit pålegg om at eg ikkje skal setje i gang med å byggje hytta. Eg skal vente til plasseringa av kongestatuen er avklara, seier Nilsen.

— Kjem du til å rette deg etter det?

— Det vil eg ikkje gjere.

I følgje Nilsen fekk han for nokre år sidan utarbeidd ein reguleringsplan for sitt område, som kommunen no er i ferd med å setje ein tjukk strek over:

— Dette var eit reguleringsarbeid eg måtte gjennomføre i nært samarbeid med kommunen.

For høgt i terrenget

Ordførar Trude Brosvik i Gulen har ein noko anna versjon:

— Når Ola Braanaas no har overteke den gamle skysstaden, er i full gang med å ruste opp og skal ha kongestatuen på plass, har vi sett det som naturleg å lage ein reguleringsplan som omfattar heile øya. For å sjå området og landskapet i ein heilskap, har vi bedt Nilsen vente med å byggje hytta til vi har ein godkjend reguleringsplan for heile øya.

— Men kvifor be han stoppe hytteprosjektet, han fekk jo byggjeløyve for tre år sidan?

— Ola Braanaas meiner plassering av hytta bør endrast. Hytta blir for markert og synleg i forhold til kongestatuen og resten av miljøet på Skjerjehamn, når du kjem køyrande langs vegen.

— Kva meiner kommunen?

— Eg meiner hytta blir liggjande veldig høgt i terrenget. Svært mykje kan gjerast ved å endre plasseringa av hytta, og eg håpar Nilsen etterkjem vår oppmoding, svarar ordføraren.

- Ingen konsekvensar

Kenneth Nilsen gjev uttrykk for at han neppe ville protestert dersom statuen hadde blitt plassert der han først var tenkt, nærare sjøkanten lengst nord på øya.

— Då eg høyrde om den første plasseringa, tenkte eg at dette var no så som så. Då måtte du no trass alt ta deg ein rotur på sjøen for å sjå statuen. Men eg vil ikkje ha denne skiten midt på øya. Dersom Braanaas er så glad i dette monumentet, kan han ha det heime hos seg sjølv på Svinøyna, seier Nilsen.

— Men vil ikkje dette bli ein stor attraksjon både for Skjerjehamn og Gulen?

— Nei, det kjem berre til å bli nokre hysteriske greier dei første åra.

Oppdrettar Ola Braanaas ønskjer sjølv ikkje å kommentere saka. Han seier reguleringsplanen er ei sak som blir handtert av Gulen kommune, og at han har spelt inn sine ønskje og idear til dette arbeidet.

— Kan denne striden få konsekvensar for plasseringa av kongestatuen, Braanaas?

— Det vil det ikkje få.

BT var i går kveld i kontakt med kunstnaren Knut Steens dotter i Italia.

— Eg ønskjer ikkje å uttale meg om denne konflikten, seier Hege Steen.

oddlev apneseth