I vedtaket frå formannskapet tok politikarane visse atterhald, ettersom ingen sikkert veit korleis den endelege løysinga for fabrikken vil sjå ut.

Det er Høyanger kommune som har søkt om økonomisk støtte frå nabokommunane Gaular og Balestrand samt fylkeskommunen.

Formannskapet i Gaular var samde om at dette er ei sak dei må støtte. Fleire titals personar heimehøyrande i Gaular har sitt arbeide ved felgfabrikken, og også nabokommunane vil merke det om fabrikken i Høyanger går overende. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Balestrand kommune er blitt førespurde om å yte lån på høvesvis sju og to millionar kroner. Begge vil fatte sine vedtak om dette fredag.