— Det var aldri noko trøbbel her på hybelhuset, det kom aldri folk utanfrå som bråka. Og så skjer dette!

På nært hald

Medstudent av den drepne Hedda Karterudseter, bergensaren Joachim Ohnstad (19), er like sjokka som alle andre ved Sogndal Folkehøgskule.

Drapskvelden kom han heim til hybelen om lag ved midnatt.

— Eg var også på Meieriet, men gjekk heim da konserten skulle ta til, fortel Joachim. Han gjekk deretter til sengs, og sov uforstyrra til neste morgon. Heddas rom ligg like ved, på andre sida av korridoren.

Neste dag gjekk utan at noko spesielt skjedde. Om kvelden litt over klokka 19 vart Hedda funnen. Joachim var heime på hybelen sin og opplevde sjokket på nært hald.

Ein halv time seinare vart elevgruppa samla og orientert om tragedien som hadde skjedd.

Reagerte med sinne

No bur 19-åringen frå Fana inntil vidare saman med tre andre på eit tomannsrom på internatet, ettersom politiet framleis held deler av hybelhuset avsperra.

— Hedda var ei humørfylt og sosial jente, godt likt av alle. Eg trur ikkje ho hadde nokon kjende her i Sogndal da skuleåret starta, men eg såg henne nokre gonger på bygda saman med ein afrikansk mann, fortel Joachim.

I går gjekk elevar og skuleleiing ope ut med sine reaksjonar og kjensler etter drapet.

— På internatet bur vi så tett på kvarandre at vi nesten blir ein liten familie. Vi held saman, men det er tøft for alle, sa Heddas medstudent og venninne Ine Holt, da elevane samla pressa på skulen.

På pressekonferansen las ho også opp ei melding om korleis studentgruppa har opplevd tida etter drapet. Etterpå valde fleire av elevane å snakke med det fulltallige pressekorpset.

— Vi reagerte med sinne over at noko slikt kunne skje, men har heile tida følt oss trygge, framgår det blant anna av pressemeldinga. Vidare framheld elevane at det er ei tung og tøff tid, men at dei vil prøve å gjere det beste ut av situasjonen.

Ikkje frykt, ikkje sprayb

«Vi kommer selvsagt aldri til å glemme det som har hendt, men samtidig er det viktig for oss å kunne tenke på andre ting. Livet må gå videre, men Heddas minne vil vi alltid bære med oss», avsluttar dei pressemeldinga.

Pressekonferansen starta med at elevane tente eit lys for Hedda.

Deretter fyrte rektor Frode Hjort-Larsen ved Sogndal folkehøgskule av ei breiside mot ein reportasje trykt i fleire A-presse-aviser der to påståtte studentar ved skulen stod fram og proklamerte at dei i frykt hadde væpna seg med peparspray.

— Desse jentene er ikkje elevar hjå oss, og her på skulen har ingen skaffa seg peparspray. Eg skulle tru at ein sjekka kjeldene litt betre før slikt kom på trykk, sa rektoren. Deretter tok dei tre elevane på podiet ordet og gjorde det klart at dei var sinte over at slikt kunne skje, men at dei har kjent seg trygge heile tida etter drapet.

MERKA INGENTING: Joachim Ohnstad har hybel over gangen for den drepte Hedda Karterudseter. Han var heime drapsnatta, men merka ikkje det som har gått føre seg på naborommet.