Hytteeigar Bent Unneland seier han er dritlei av at ingenting skjer.

— Denne lukta har plaga oss i over ein månad. Om det ikkje kjem regn, og ingen andre gjer noko, blir det krig, seier han.

Unneland har vore i kontakt med eit helikopterfirma for å leige inn helikopter til å pøse vatn på områda der kjemikaliane ligg.

— Kommunen og staten gjer ingenting. Vi kan ikkje vente. Barn kan ikkje gå rundt i denne dritlukta. Det er for farleg, seier Unneland. Hytta hans ligg i Halsvik, rundt 4-5 kilometer unna tankanlegget der eksplosjonen skjedde 24. mai.

- Gjer underverker

Og hytteeigaren får støtte frå kjemiprofessor Jon Songstad ved Universitetet i Bergen. Tidlegare har han uttalt til BT at det beste som kan skje, er nokre reale regnbyer.

— Dei må gjerne skvette vatn på heile Gulen. Men områda bør bli kalka før det skjer, seier Songstad.

På den måten kan syrene som ligg i terrenget bli lettare å løyse når vatnet kjem - anten det er i form av sjøvatn frå helikopter eller regnskurar.

— Vatn kan i alle fall gjere underverker, sjølv om det ideelle hadde vore å vente til vi veit meir om kva stoff som ligg rundt, seier Songstad.

Vil høyre på ekspertane

I Gulen kommune ber ordførar Trude Brosland hytteeigar Unneland om å vente - sjølv om det tar tid å få vekk lukta.

— Eg er sikkert like frustrert som han, men ein kan jo ikkje berre ta seg til rette. Det vi treng, er å høyre kva eit samla ekspertkorps meiner om saka, seier Brosland. Kommunen skal møte fagfolka på onsdag. Å dynke området kan gjere vondt verre, trur ordføraren.

— Det blir berre lagt eit lokk på det, utan at problemet forsvinn. Vi må finne ut om dette gjeld heile grunnen, og om vi må ta ei utskifting av heile kaien, seier Brosland.

Hos Emblem Holding, eigarselskapet til Vest Tank, er først informasjonskonsulent Jørn Losvar skeptisk til meir vatn.

— Det seier seg sjølv at dette er bort i natta. Då skjer det same som under brannsløkkinga, at det blir lagt eit lokk på stoffa.

- Kor er ministeren?

Men om det stemmer at vatn vil hjelpe på nedbrytinga av dei kjemiske stoffa, ser ikkje Losvar vekk frå at dette kan vere med på å løyse problema

— I så fall er jo dette både ei enklare og billigare løysing enn det vi driv med no.

Søndag ettermiddag kunne BT med eigne auge sjå oppryddingsmannskapa ved Vest Tank spyle restane av innhaldet frå tankane som eksploderte. Etter det Vest Tank opplyser, er det for at støvpartiklar ikkje skal blåse vekk.

Dermed var gårsdagen ein odørmessig god dag for innbyggjarane rundt Sløvåg. Frå landstedet i Halsvik kunne likevel både Unneland og BT kjenne at bølgjer med lukt kom inn over haugane som skil Halsvika frå Sløvåg.

— Eg må berre stille spørsmålet: Kor er miljøvernministeren i dette? Om dette skjedde på Austlandet, ville det vore rydda opp i på ein dag, seier Unneland, som vil gå til aksjon på onsdag eller torsdag.

20.000 kroner i timen

Det skal uansett ikkje stå på pengane, ifølgje hytteeigar Unneland. Sponsorar skal spytte i. Hos Airlift i Førde er timeprisen for leige av helikopter med brannbøtte i underkant av 20.000 kroner.

— Dette er mogleg å gjennomføre. Men grunneigarane må sjølvsagt akseptere det, seier trafikksjef Nils Myklebust hos Airlift. Sjølv om det neppe trengst særlege konsesjonar for å tømme vatn elles, oppmodar han til å bruke for sunt bondevett i saka.

Ifølgje Storm er det meldt litt nedbør mandag og tirsdag.

Odd Mehus
Odd Mehus