— Husværet er smekkfullt kvar einaste fredag når vi møtest til bøn. Folk sit til og med i gangen, seier Mohammed Ibrahim Hoji Zarghoon, leiar for Førde islamske senter.

Derfor vil dei 500 medlemmene flytte til nye lokale i Førde. Men 24 leigetakarar ønskjer ikkje eit islamsk senter som nabo.

— Ingen vil vel flytte inn her dersom det plutseleg kryr av innvandrarar i nabolaget, seier Idar Tjønneland, ein av motstandarane mot etableringa.

- Blir vel kalla rasist

Mohammed Ibrahim Hoji Zarghoon skjønner ikkje kvifor naboane protesterer mot flytteplanane.

— Eg har ikkje høyrt at naboane er misnøgde, men om det er slik synest eg det er trist. Vi skal ikkje gjere anna enn å samlast til bøn om fredagane. Vi har eit godt forhold til resten av det norske samfunnet, mellom anna har vi nær kontakt med kyrkjekontoret, seier Zarghoon.

Det er selskapet FørdeGården AS som har søkt kommunen om dispensasjon til å pusse opp og leige ut 156 kvadratmeter av eit verkstad/lagerbygg til det islamske miljøet i Førde.

Motstandarane er deleigarar av bustadsameiget Storegården - næraste nabo til bygget der senteret ønskjer å bli leigetakar. Alle bebuarane har fått varsel om søknaden, og 24 av dei har underteikna ein protestuttale.

— Både mitt og andre sine husvære vil falle i verdi dersom det blir islamsk senter her, seier Idar Tjønneland til Bergens Tidende.

— Kvifor trur du det?

— Det er berre slik det er. Men ein blir vel kalla rasist dersom ein seier noko slikt, seier Tjønneland.

Lever på dispensasjon

Også dagleg leiar for Storegården AS, Knut Martin Storegjerde, har sendt merknader til kommunen. Innvendingane hans er av meir formell art, og går mellom anna på at den aktuelle tomten i dag er regulert til industri og lager.

Han viser også til at det finst tusenvis av ledige kvadratmeter kontorlokale i Førde, og meiner at foreininga kan finne tenelege lokale i område der reguleringsstatus samsvarer med aktiviteten deira.

I søknaden skriv FørdeGården AS at Islamsk Senter er svært opptekne av å unngå konfliktar med andre leigetakarar, og difor ønskjer å vere mest mogeleg adskilt frå dei andre.

— Vi ser positivt på at vi kan bidra til å løyse eit behov for lokale slik at dei som tilhøyrer det islamske miljøet kan samlast, heiter det i søknaden der dei ber om dispensasjon frå reguleringsplanen.

Rådmann Ole John Østenstad har ikkje gått nærare inn på merknadane frå naboane, men peikar på at utleigaren ved fleire høve er gjort merksam på at reguleringa av området må opp på nytt.

Han rår derfor til at FørdeGården AS ikkje får dispensasjon. Planutvalet avgjer saka i møte 20. april.