– Vi vil vera tydeleg på at riksveg 48 med tunnel bak Ytre Tysse er viktigaste vegen for oss, seier Samnanger-ordførar Marit A. Aase til Bergens Tidende.

Tunnelen er komen inn i siste rulleringa av den nasjonale transportplanen, og samningane vil stå hardt på for å unngå at andre prosjekt pressar seg framom.

Flytt bommen!

Skulle Kvammapakken likevel bli realisert, er det Samnanger sitt absolutte krav at bommen blir plassert mellom Norheimsund og Øystese, der storparten av pengane skal brukast.

Denne bomplasseringa blir kontant avvist av Oddvar Brakestad i Kvam bompengeselskap AS.

– Ei slik plassering bryt med prinsippet om at alle innbuarane i Kvam skal kunne køyra bompengefritt til kommunesenteret, seier han.

Kvam vil plassera bommen ved grensa mot Samnanger, men inne på Kvam si side, med andre ord mellom Eikedalen skisenter og Kvamskogen. Siste analysar tyder på at 80 prosent av bompengane blir betalt av Kvam-relatert trafikk, hytteeigarane på «Skogen» får god vinst for pengane, og turisttrafikken går i praksis gratis, fortel Brakestad.

Står på

– Går Kvam no vidare med prosjektet trass motstanden i Samnanger?

– Vi vil no drøfta situasjonen internt i bompengeselskapet og heradet, og samrå oss med fylket og Vegstellet. Trongen for betre vegar i Kvam minkar ikkje fordi om nabokommunen er avvisande, seier han.

– Irritert på Samnanger?

– Ut frå signal på førehand, var dette venta. Eg hadde ei viss von om at samningane ville sjå føremunar for seg sjølve i prosjektet.

– Utover 12 millionar kroner til opprusting av riksveg 7 på Samnangersida?

– Ja, konsekvensen av at prosjekta i Kvammapakken ikkje blir bygde for bompengar, er at dei vil melda seg på att i konkurransen om ordinære statsmidlar med stor tyngd. Til dømes står ulykkesvegen mellom Norheimsund og Øystese så sterkt at andre prosjekt for 130 millionar kroner i fylket må vika.

– Til dømes prosjekt i Samnanger?

– Det har ikkje eg sagt, seier Brakestad diplomatisk.

Tunnel og kraftline

Samnanger vil heller ikkje jobba aktivt for bil— og kraftlinetunnel under Kvamskogen, men vil gjerne fylja med på korleis saka utviklar seg.

I kommunestyret er ein oppteken av kva veg trafikken skal førast mellom Bergen og Jondalstunnelen, via Norheimsund (riksveg 7) eller Mundheim (riksveg 48). Dessutan rår det framleis uvisse om Kyststamvegen får ei framtidig line på «innsida» av Bergen.

– Her er mange diskusjonar på fleire kantar av kommunen, og samfunnsøkonomisk er det utenkeleg at alle vegane kan byggjast. Kvamskogtunnelen må vurderast i eit overordna regionalt perspektiv. Fylket må avgjera kva prosjekt det skal satsast på, seier ordførar Aase til Bergens Tidende.

– Blir kraftlina skjemmande også i Samnanger?

– Om det er rein taktikk frå linebyggarane si side veit eg ikkje, men planane endar aust i Samnanger. Våre heimefjell er ikkje truga i denne omgangen. Men alle skjønar at krafta skal vidare til Bergen. Om dei kan klara seg med noverande linenett inn mot byen, må forsterka eksisterande liner eller finna heilt nye traséar, veit vi ingenting om. Hadde ein samla plan for heile strekninga frå Sima til Bergen vore lagt fram, som han burde, kan det godt tenkast at vi hadde slått oss saman med hardingane i protest, seier ordførar Marit A. Aase.