Korkje fruktbønder eller reiselivsfolk gler seg uhemma over den rekordtidlege fargefesten.

Bløminga kan vera over før dei fleste turistane kjem til Hardanger og Sogn i år. Og fruktbøndene fryktar omslag til kjøligare vêr såpass tidleg på året, og tøffe tider for skjøre blomar.

Kald for biene

— Bikubene er sett ut, og biene har vore i arbeid fram til og med måndag. Men tysdag var dei ikkje ute av kubane i det heile, seier Lars Magne Dønne til Bergens Tidende.

Han fryktar at det kan bli mange dagar med kjølig vêr under den tidlege morell-bløminga i år. Når biene held seg innankubs, har ein berre dei ville humlene å stola på. Men det er uvisst kor mange humler som finst i nærleiken, og kva dei kan rekkja over.

Plastdekke over Hardanger

Djønne har frukttre sjølv, men driv også med tømring. Saman med kollega Anders Djønne reiser han for tida treverket som skal til for å dekka morell-hagen til Bjørn Inge Kaland med plast.

Tida er snart inne til den årlege tildekkinga av «halve Hardanger». Plasten skal verna morellene mot vind og regn. Vassdropar på bæra får skalet til å sprekka. Dermed er det ikkje salsvare.

Også på Kaland er det dei låge trea som blir verna av plast, og gir garden inntekter. Men i og ved tunet står det framleis att mange av den store, bonderomantiske sorten. Det er desse trea som er finast når den fargerike bløminga spelar seg mot den blåe fjorden og dei snøklatta fjella i bakgrunnen.

FAKTA Moreller

Søtkirsebær, Prunus Avium, eit tre i Rosefamilien, er det vi her i Noreg (feilaktig) kallar moreller. Frukta har vore dyrka her i landet sidan 1700-talet. Dei økonomisk viktigaste sortane hjå oss er Van og Ulster.

Eigentleg er morell surkirsebær, Prunus cerasus, med farga saft. Mørke, sure bær som har vore kjende i Noreg sidan rundt 1150. Dei sure med lys saft heiter amarell.

VERN: Anders Djønne (til venstre) og Lars Magne Djønne reiser treverk til å dekka eit felt med små, moderne tre med plast.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH