Det er sjølvsagt NSB-styret sitt vedtak om å kutta ut nattoget på Bergensbana dersom staten ikkje løyver meir pengar, som får fylkestinget til å sjå raudt på sommarmøtet sitt i Ullensvang.

— Berre la andre overta nattoget dersom NSB ikkje vil lenger. Det NSB-styret driv med no, er utpressing, seier Høgres fylkesordførarkandidat Tom-Christer Nilsen til Bergens Tidende. Han er glad for at det franske selskapet Connex og det svenske Togkompaniet står klare til å overta nattoget dersom NSB ikkje vil meir.

Ser alt frå kontoret

— Eg for min del vil helst at eit offentleg selskap skal driva nattoget på Bergensbana, men det viktigaste er trass i alt at nattogtilbodet vert halde oppe, seier fylkesordførar Gisle Handeland.

Jernbanesatsinga i framlegget til Nasjonal Transportplan kommenterte Handeland slik:

— Den strekninga som skal byggjast ut på våre kantar, har eg full oversikt over frå kontorvindauga mitt. Det er strekninga frå jernbanestasjonen i Bergen til Fløen.

Tek 10 millionar

Det vanta heller ikkje mange godord for framlegget til Nasjonal Transportplan frå fylkestinget onsdag. I den politiske talen sin til tinget peika Gisle Handeland på at investeringane i riksvegar i Hordaland vil gå ned frå 280 millionar kroner årleg til det halve frå 2009.

— Ein katastrofe, kalla Arne Jakobsen det, og minte Høgre på alle lovnader partiet har kome med om å satsa på samferdsle. Og for å understreka kva han meiner, viser han til innstillinga om revidert nasjonalbudsjett for 2003, der stamveganlegget Moberg-Svegatjørn i Os misser 10 millionar kroner, og står att med 20 millionar til å starta med i år.

Frå vondt til verre

Os-ordførar Terje Søviknes greip sjølvsagt tak i dette, og hevda frå talastolen at samferdslepolitikken hadde gått frå vondt til verre etter at Høgre tok over som dominerande regjeringsparti etter Arbeidarpartiet.

— Og samstundes har vi ei utgreiing frå Statistisk Sentralbyrå som syner at landet kan bruka 30 milliardar kroner meir av oljepengane utan at det påverkar hverken renta eller prisane, sa Terje Søviknes.

Kjeft frå Kjellaug

Men fylkestinget måtte og finna seg i å få kjeft frå ei av sine eigne. Kjellaug Holm, H, gjorde tinget merksam på kva vanskar hardingane vart påført då fylkeskommunen la ned snøggbåtruta mellom Sørfjorden og Norheimsund frå årsskiftet.

— Frå å bruka to og ein halv time frå Lofthus til Bergen, tek det no innpå fire timar. Attpå til må vi då bla gjennom sju ulike rutetabellar og ein togtabell for å leggja opp ei reiserute, sa Kjellaug Holm, som bad fylkesordføraren ordna opp i dette.