Dette går fram av ei pressemelding SFT sende ut ved middagstider i dag. NOAH Langøya er eit av dei største selskapa for avfallshandtering i landet, og har tidlegare teke mot 1500 tonn ureina grus frå Sløvåg.

Ifølgje pressemeldinga skal NOAH ha stadfesta at dei vil bidra til ei snarleg løysing av saka. SFT krev at Alexela Sløvåg omgåande inngår ein bindande avtale om å levere massane.

— Dersom det ikkje blir inngått avtale innan 31. juli, vil SFT syte for at avfallet blir levert til godkjent mottak på Alexelas rekninga, skriv tilsynet.