Sjølv om belegget ligg under budsjett, hevdar fungerande direktør for studentbustadene, Hans S. Rohde, at situasjonen ikkje er så ille som StudVest vil ha det til.

I gårsdagens nummer skreiv studentavisa at nesten hundre rom blir ståande tomme ved bustadanlegget.

— Det er ikkje hundre, men like over femti bustader som ikkje er leigd ut etter nyttår, seier Rohde til Bergens Tidende.

— Kor mykje over femti?

— Nett no er det 54, men dette endrar seg frå dag til dag, seier direktøren.

Rohde erkjenner at belegget ved Hatleberg er under det budsjetterte, og opplyser at dette utgjer 1,5 millionar kroner i 2005.

Eitt av problema ligg i at dei nesten 150 internasjonale utvekslingsstudentane på Hatleberg flyttar ut etter haustsemesteret, og ikkje blir erstatta med like mange.

Hatleberg studentbustader ligg kloss ved Norges Handelshøyskole (NHH), og har 510 studentbustader av ulik alder, storleik og standard. I Studentundersøkelsen for 2004 kom Hatleberg på botn blant Studentsamskipnaden i Bergen sine bustadanlegg, skriv StudVest.

Årleg brukar samskipnaden mellom fem og seks millionar kroner på investeringar og vedlikehald på Hatleberg-anlegget. Og det trengst, ifølgje Frode Jacobsen i Norges Handelshøyskoles Studentforening.

— Ein del av husværa er veldig gamle og nedsletne. I tillegg har anlegget eit institusjonelt preg, der det ikkje er noko naturleg samlingsplass for dei som deler kjøkken og bad, seier Jacobsen.

Han trur at situasjonen ville betra seg ved å plassere eksempelvis førsteårsstudentane meir samla i anlegget, og ikkje berre tilfeldig i grupper som ikkje har særleg mykje felles.

  • Skal Hatleberg konkurrere med den private utleigemarknaden rundt NHH, meiner eg det må større moderniseringar til.