For to år sidan (BT 29/2-2004) påstod distriktssjef Terje Skjelbred i NCC Anlegg Vest at han kunne sprengja Jondalstunnelen for 35.000 kroner meteren. Statens vegvesen rekna då med prisar tett oppunder 50.000 kroner meteren.

— No er det snart stortingsvedtak, og tida for anbod nærmar seg. Du må ut å konkurrera. Står du ved det du sa den gongen?

— Sjølvsagt. Vi legg berre til vanleg prisstiging. Men om vi rundar av oppover, så kan vi seia 40.000 kroner. Fiks ferdig, klar til snorklipping. Og vi har naturlegvis tenkt å vinna anbodskonkurransen, seier Terje Skjelbred til Bergens Tidende.

9,7 kilometer tunnel

Dersom Skjelbred held ord, kan Jondalstunnelen sprengjast for 391 millionar kroner. Vi snakkar då om det såkalla alternativ S 6. Det er ein tunnel som er 9790 meter lang og går i fjellet bak heile Nordrepollen.

I tillegg kjem ca. to kilometer veg med ein meterpris på mellom 10.000 og 20.000 kroner, alt ettersom. Det gjev 20 til 30 millionar i tillegg.

Rundar vi av oppover, nærmar vi oss 450 millionar kroner.

Finansieringsplanen til Hordaland fylke endar på 529 millionar, for den aller billegaste vegløysinga; ein 8290 meter lang tunnel med tilførsleveg i skråninga over busetnad og innmark i Nordrepollen (sjå BT 7. februar).

Utgifter i tillegg

I fylket og Statens vegvesen sine utrekningar er prisen for den lengste tunnelen rekna til om lag 570 millionar kroner.

Prosjektleiar for Jondalstunnelen, Bjarne Lysberg, er på reis og har vanskar med å kommentera Terje Skjelbred sin pris på ståande fot.

— Men i finansieringsplanen er det nok rekna inn utgifter som ein entreprenør normalt ikkje tar med i sine prisoverslag. Det handlar om prosjektering, planlegging, kjøp av grunn, arkeologiske granskingar, prosjekt- og byggjeleiing, grunnundersøkingar, seier Bjarne Lysberg.

Likevel, om vi framleis legg til grunn at Terje Skjelbred held ord, så er det eit rom på 80-90 millionar kroner frå hans pris på tunnel og veg opp til finansieringsplanen på 529 millionar, som er yttarste grensa for det fylket, kommunar og stat kan greia.

Di lenger, di billegare

— Vi har fått anbodet på ein tunnel oppe ved Sunndalsøra, Skrøotunnelen, på ca. to kilometer. Der har vi lagt inn ein pris på 90 millionar kroner. Det er 45.000 kroner pr. meter. Men rigginga for ein tunnel kostar det same anten tunnelen er lang eller kort. Og di lenger tunnelen er, inntil ei viss grense, di lågare vert meterprisen, seier Terje Skjelbred.

Med 45.000 kroner meteren, kostar den lengste Jondalstunnelen 440 millionar kroner. Med tilførsleveg i tillegg, er det framleis 40-50 millionar kroner opp til finansieringsplanen.