— Dette er litt for mange dyr på litt for kort tid, seier seniorinspektør Torstein Kongslien i Mattilsynet.

Dei siste dagane er fleire friske dyr henta ned frå sommarbeite for å bli tekne blodprøver av. Ein teori har vore at dyra kan ha ete i seg giftig sopp. Det ville i så fall gitt leverskader som ville vist att i blodet.

— Men så langt ser det ut til at alle blodprøvene er heilt fine, seier Kongslien.

I same lia

Mjølkebonde Jon Arne Kvåle eigde fire av dyra.

— Alle dyra har beita i same lia. Heile området er sikkert eit par tusen mål. Men dyra er funne innanfor eit avgrensa areal, fortel Kvåle til Bergens Tidende.

Dyra har beita i bjørkeliene frå Storehaugtunnelen på Vikafjellet og nedover mot gardane i Bødalen. Kvar sommar beitar fleire hundre kalvar og kviger i dette området.

Rundt andre helga i juli, blei det med få dagars mellomrom funne tre kalvekadaver like ved kvarandre. Dyra låg innanfor eit område med ein radius på kring 500 meter. Nokre dagar seinare blei to nye kalvar funne daude. Sist tysdag blei det så oppdaga ei daud kvige i beiteområdet. Også desse tre dyra låg omtrent i same området som dei tre første kadavera blei oppdaga.

— Eg har aldri høyrt om liknande tilfelle i dette området, seier Torstein Kongslien som sjølv titulerer seg som «gammalveterinær» i Vik.

Obduserte kalv

— Det er ein frustrerande situasjon, seier dyrlege Lise Sandli til Sogn Avis som fortalde om dyretragedien i går.

Det er ikkje synlege teikna på dyra som kan fortelje noko om kva som har skjedd. Prøver er tekne av dei daude dyra, men analyseresultata frå Veterinærinstituttet i Oslo har verken gjort bønder eller veterinærstyremakter klokare. Det eine kalvekadaveret blei attpåtil sendt til obduksjon i Bergen, utan at patologen greidde å komme nærare svaret på gåta.

Blyforgifting og miltbrann skal ha vore to teoriar, men begge er sjekka ut. Det er også teke vassprøver i beiteområdet, utan at det er gjort funn som kan gje ei forklaring.

— Det er gjort ulike testar, men ekspertane har ikkje klart å konkludere med kva som er dødsårsaka, seier Sandli.

Gått lang tid

Ein av grunnane til at det har vore vanskeleg å finne årsaka til dyretragedien, er at dyra har lagt lenge før dei blei funne. Kviga som blei oppdaga denne veka, har truleg lagt daud kring ei veke. Når det går så lang tid, har dyra gått så i oppløysing og er så fulle av bakteriar at det er vanskeleg å finne dødsårsaka.

— Ein teori vi ikkje har fått utelukka er innvolsmark. Dyr med innvolsmark får gjerne små rifter i tarmane som gjer at andre bakteriar lettare kjem til, seier Kongslien.

— Er bøndene flinke nok til å sjå til dyr som går på utmarksbeite heile sommaren?

— Det trur eg. Dei fleste gardbrukarane i dette området ser i alle fall til dyra eit par gonger i veka.