Den utvendige restaureringa av Tyssedal kraftstasjon er høgst sannsynleg årsak til PCB-alarmen i februar, melder Hardanger Folkeblad. Prøver viser at den utvendige murpussen på den staselege stasjonsbygningen inneheldt PCB.

Bygningen er nyleg pussa opp i samband med vern og eit framtidig musealt liv. Norsk Vasskraft— og Industristadmuseum har frå årsskiftet inngått leigeavtale med eigaren, AS Tyssefaldene, som også er byggherre for restaureringa.

Administrerande direktør Karstein Bremnes i Tyssefaldene AS er letta over at PCB-alarmen skuldast eit eingongsutslepp knytt til restaureringsarbeida som vart fullført i fjor. Giftstoffet er vaska ut i fjorden under arbeidet. Nyaste målingane viser at giftmengdene i fjorden no er sterkt på retur.

Ekspertane fann ingen PCB i den innvendige murpussen i kraftstasjonen. Men utanpå var det flust med stoffet, mest truleg frå måling som vart brukt dei 20 første åra etter krigen. I den opphavelege mørtelen frå 1918 var det ikkje PCB, og målingsstøka som er påført etter 1965 har også vore PCB-fri.

VAKKER, MEN GIFTIG: Sørfjorden.