Det var den 54 år gamle Olav Åge Sæle frå Loddefjord som omkom i ulukka. Mannen blei funnen livlaus i Hovlandsdalsvatnet i Guddal, men politiet veit ikkje kva som har skjedd.

Den omkomne blei funnen flytande berre ti meter frå land. I området er det ikkje djupare enn at det går an å stå botnen. Sæle skal ha vore svært flink til å symje. Alt dette, i tillegg til at temperaturen i vatnet var høg, gjer at politiet ser på dødsulukka som eit mysterium.

Mannen blei i går obdusert på Gades Institutt.

— Vi håpar at obduksjonen kan gje oss eit svar på kva som har skjedd, seier politibetjent Magne Faleide.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, går ein av teoriane ut på at mannen kan ha fått eit illebefinnande.

54-åringen og den 19 år gamle funksjonshemma son hans var på besøk hos kjenningar i Guddal. Saman skulle dei to på kanotur på Hovlandsdalsvatnet onsdag ettermiddag. Då dei ikkje kom tilbake til avtalt tid, blei vertskapet urolege og gjekk for å sjå etter gjestene. Den rullestolavhengige ungdommen blei oppdaga i vasskanten. Han sat då og ropte på hjelp. Få meter frå land låg faren.

— Vi veit ikkje om dei nokon gong fekk sett kanoen på vatnet. Ein del ting kan tyde på at dei aldri kom så langt, seier Faleide.

Den funksjonshemma sonen har vanskar med å snakke, og har ikkje greidd å gje uttrykk for kva som skjedde. Sidan politiet utelukkar noko kriminelt, har dei ikkje vilja presse 19-åringen gjennom eit grundig avhøyr så kort tid etter den tragiske hendinga.