REIDAR STORAAS

Det viste att frå skipsleia og fekk folk til å bisna. Han bygde vegar kring på øya, planta treslag som var sjeldne her i 1880-90-åra. Den som stelte seg på dette viset måtte minst vera lord, om ikkje baron. Ingen visste. John Musgrove kom så og seia frå «nowhere», men vart fastbuande på Solstråleøen. Åleine i lag med ei ung jente, Ada, framstilt som barnebarn, om ho då ikkje var eit såkalla uekte kongeleg barn som skulde haldast borte frå sitt høgborne opphav. Her låg til rette for mang slags gissingar.

Somme meinte Mr. Musgrove hadde kome i unåde hjå dronning Victoria, og fyrst då dronninga fall frå, var det fritt leide for han tilbake til England. Hendingane i 1905 kom i så måte høveleg. No gav han bort sitt stråleomkransa øyrike til det unge norske kongehuset. Overdraginga viste stordomsfakter. Det blafra eit fyrsteleg banner over den sjenerøse handlinga.

Glorien kring herren til Solstråleøya var stadig gyllen og myten levde vidare. Fram til to vakne og vitekjære karar med sterk tilknyting til Tysnes, miste tålmodet med ei uløyst gåte og sette seg føre å granska saka. For Norolf Henriksen og Kaare Bolstad vart mysteriet Solstråleøya ein hobby som strekte seg over ei årrekkje med mange villsteg, slik det gjerne er med oppklaring av ei komplisert og vanskeleg kriminalsak der hovudpersonane er døde, slektstilhøva kompliserte og dokumenta få. Derfor er det så mykje meir imponerande kva energi parhestane Henriksen/Bolstad har sett inn.

Kanskje hadde dei iherdige detektivane vona å finna ei anna og meir romantisk løysing på gåta enn den som står fram i boka «Solstråleøen»: Mr. John Musgrove var korkje lord eller baron. Han var ein heilt vanleg telegrafingeniør. Våpenskjoldet på veggen tilhøyrde ikkje han, men den adelege grandonkelen, Londons borgarmeister. Kort tid etter sin storslagne gest overfor det norske kongehuset, døydde herren til Solstråleøen, fattig som ei kyrkjerotte. Eit sal av øyriket hadde kunna gje eksistensmidlar til Ada, ungjenta som var bortførd eller forførd for å leva i isolat på ei einsleg øy saman med ein mogen mann. Han sytte ikkje for å gje henne utdanning og unte henne ikkje eit fritt liv.

Kvifor Musgrove slo seg til på ein bortgøymd stad som Tysnes, er eit spørsmål utan svar, men boka lanserer ein teori. John Musgrove fekk ein stor arv etter grandonkelen, Mayor of London. Denne arven ville han nyta åleine. Det var om å gjera at ikkje den svikefulle kona hans eller andre i familien skulle finna han og få del i formuen. Derfor rømde han, sokk i jorda på ein stad ingen fann på å leita. I Godøysundet kunne flyktningen leva bon i si tid. Med gåvebrevet til den norske kronprinsen var det ikkje praktisk mogeleg for familien å intervenera om dei skulle få nyss i transaksjonen og vilja få tak i eigedomen. Ein grandios gest som påkalla ære betydde meir enn ein gentlemans heiderlege framferd.

Mr. Musgrove lukkast lenge med sitt bedrageri. Nær på hundre år. Men alt kjem for ein dag så lenge det finst spor i dokument og detektivar til å finna dei.