Åsane gymnas skal få eit tilbygg, og der vil fylkesrådmannen gje ei startløyving på 4 millionar kroner.

Men det vert smalhans for fylkesvegane. Berre 25 millionar kroner neste år, som er 15 millionar mindre enn i år. 9 millionar går til prosjekt i Bergen kommune. 7 millionar går til arbeid på dei to hengebruene Strøno bru og Herdlasund bru, 2 millionar til Foldnes-Våge i Fjell kommune, 2 millionar til Baronivegen i Rosendal og 4 millionar til Omvikdalen-Matre i Kvinnherad

Til kulturføremål er det ført opp 11,8 millionar. 9,3 millionar av desse er føreslege til tusenårsstaden i Hardanger som skal stå ferdig hausten 2005.

Til tannhelsetenesta er det budsjettert med 8,5 millionar fordelt med 4 millionar til tannklinikkar, 1,5 millionar til IT-utstyr og 3 millionar til anna utstyr ved klinikkane.

12 millionar er budsjettert til fellesfunksjonar, av desse 10 millionar til IT-system og utstyr.

Det er budsjettert med sal av fylkeskommunale eigedomar for 5 millionar.