• Det er nesten sånn i dag at har du det ikkje travelt, så er du ikkje noko tess, seier Margit Samnøy. Ho brukar ikkje tida si på å vera travel, men finn i staden stunder til å hjelpa andre.

Margit Samnøy (70) var ikkje vond å be då kontaktsentralen Fjordingen leita etter Syden-reisefølgje for Gunn-Olaug Eikeland (56). Gunn-Olaug vart råka av hjerneslag 47 år gammal, og bur i ein lettstelt omsorgsbustad på Baldersheim helsetun i Fusa.

Det er ikkje berre berre å feriera saman — sjølv ikkje for dei som kjenner kvarandre godt. Sydenturen vart på mange vis ein prøve for Gunn-Olaug og Margit, som frå før berre var på nikk. Men dei klarte brasane, og var så absolutt på talefot då flyet landa på Flesland etter 14 dagar.

— Ja, merkeleg nok, ler dei to.

Og humoren - gjerne den som involverer galgen - vert trekt fram når venskapen skal forklarast. Og så har dei mykje å snakka om, og stoler på kvarandre. Kjemien stemmer så godt at Margit no og er vorten Gunn-Olaug sin støttekontakt.

Ser litt stort på det

— Vi er vel begge den typen som ser litt stort på det, seier Margit. Hun arbeidde som kokk til ho var 70. Då måtte ho - uviljug etter eige utsegn - pensjonera seg. For Margit var det ikkje aktuelt å søkja tilflukt i godstolen sjølv om kokkehue og forkle var pakka vekk. Det er Gunn-Olaug glad for. Dagane på helseheimen kan verta lange, og Margit sine besøk er kjærkomne avbrot. Innimellom reiser dei handletur. Då treng Margit og Gunn-Olaug berre å veksla eit blikk for å finna ut om moglege røvarkjøp er akkurat det.

— Uff ja, vi er litt handlegale. Det hadde vore kjekt med ei oppkome med pengar, ler Gunn-Olaug.

Har tid å spandera

Gunn-Olaug, som opphavleg er sunnfjording, er kjent for sitt gode humør og kvikke kommentar. I Syden skaffa ho duoen mange vener, og var så absolutt med på moroa sjølv om ho ikkje kom seg like lett rundt som mange av dei andre gjestene.

— Gunn-Olaug klagar aldri, slår Margit fast. Men ho veit at veninna kan ha sine tunge stunder. Året før ho fekk hjerneslag vart Gunn-Olaug enkje. Ektemannen vart berre 52 år. Då ho sjølv fekk slag vart tilværet snudd på hovudet igjen. Den travle firebarnsmora, bondekona og hjelpepleiaren vart sjølv pleietrengande, og opplevde at gamle vener forsvann.

Margit har ikkje mykje til overs for dei som skuldar på tidsklemma når dei skal forklara kvifor det blir lite tid til andre.

— I dag snakkar alle om kor travelt dei har det. Det er moderne å vera travel, men etter mi meining vert ordet misbrukt. Ei firebarnsmor i full jobb, ho har det travelt. Vi andre finn tid til det vi vil, seier Margit med trykk.

FINN TONEN: Bygdanytt og barnebarn - begge har etter kvart ein fin flokk - er blant samtaleemnene når Margit og Gunn-Olaug møtest.

LEGG TIL RETTE: Astrid Heidal har fått travle dagar no som Fusa kontaktsentral Fjordingen byrjar å verta kjend blant innbyggjarane.