• Nærmere nasjonalromantikken kommer du ikkje, stod det å lesa i NAF si vegbok for nokre år sidan.

Kommentaren galdt Rv. 13, som går frå sør til nord på Vestlandet. Køyrer du Rv. 13 frå Sandnes i Rogaland til vegen møter E 39 på Moskog i Sunnfjord, har du fått med det meste at det som fjord— og fjell-Noreg har å by på.

På landskapsmåleria frå nasjonalromantikken er og ein og annan vegstubbe teken med. Veg for hest og kjerre. Bratte reiner, skarpe svingar og stabbesteinar.

Landskapa vi ser på bileta til Tidemand og Gude har endra seg lite på 150 år. Det er vi glade for.

At også store delar av vegnettet framleis held same standarden som då Noreg var i union med Sverige, er vi ikkje like glade for. Framleis har Rv. 13 mange strekningar som kunne inspirera ein J.C. Dahl.

I 1994 GJEKK KOMMUNANE i Ryfylke saman om å skipa Ryfylkevegen AS. Ei liste med forslag til utbetringar vart sett opp. Kostnad: 1,3 milliardar. Halvparten var den gongen tiltenkt røyrbrua under Høgsfjorden.

I mellomtida er det laga nye planar, med to undersjøiske tunnelar som skal knyta Ryfylke og Stavanger saman. Og prisen nærmar seg 3,5 milliardar.

I Hordaland er Hardangerbrua vedteken. Til ein pris som er dobla sidan 1994. Men finansieringa er klar.

Vossapakken, med ny veg forbi Skjervet, er undervegs til Stortinget. Også der er finansieringa klar.

For Vikafjellet ligg det føre ulike forslag, og det står att å finna pengar.. Sidan midten av 90-talet er det berre brukt pengar på Rv. 13 mellom Brimnes og Jøsendal.

Utan nye og uvanlege grepvil det ta svært lang tid før vi kan køyra gulstripa og vintersikkert langs heile Rv. 13. Det ser ut til å vera semje om at offentleg/privat samarbeid, OPS, er ei dyr løysing. Dessutan vil vel bompengeopplegget krevja større trafikk enn vi har over Vikafjellet og gjennom Bratlandsdalen.

DET NYE SOM ER PÅ VEG fram, heiter prosjektfinansiering. Då låner staten dei pengane som trengst til fullføring av eit vegprosjekt. Staten må rett nok betala rente av lånet, men kan rekna med mykje lågare rente enn ein privat utbyggjar. Ordninga medfører og at eit prosjekt kan gjennomførast utan stopp, utan dei opphald som gjerne fylgjer av at pengane manglar på statsbudsjettet.

Slikt sparer tid, og samstundes rekk pengane lengre, seier Statens vegvesen.

Både samferdsleministeren og vegdirektøren har late seg freista av dette. Dermed kan vi venta at prosjektfinansiering kan finna ein plass alt i statsbudsjettet for 2007.

Likevel er utfordringane på det norske vegnettet så store, at overgang til prosjekfinansiering langt frå er nok til å dekka etterspurnaden etter nye og betre vegar. Då trengst det rett og slett større løyvingar. Pengane finst, men det er oljepengar. Dagens regjering vågar ikkje ta meir frå denne kontoen enn den førre.

Det er berre Framstegspartiet som krev at denne kassen vert opna. I dag er Frp landets største parti. Veks dei vidare, får dei kanskje sjansen til å prøva sitt standpunkt etter neste val.