Den romantiske myten om den norske, sunne bonden vart kraftig punktert i august i fjor. Då skreiv BT om Hordalandsundersøkelsen (HUSK), som konkluderer med at mannlege bønder er meir utsette for angst og depresjon enn andre yrkesgrupper.

No har forskargruppa analysert materialet nærare, for å finne ut kvifor bondeyrket er så tøft. Overraskande nok er risikoen for depresjon like høg blant deltidsbønder som heildagsbønder i Hordaland, viser resultatet, som er publisert i tidsskriftet «Occupational Medicine».

Femti timars veke

— Vi har ikkje funne forklaringar på kvifor bønder som har jobb utanfor garden, er like utsette, seier stipendiat Bjarte Sanne ved Institutt for samfunnsmedisin i Bergen til BT.

For heiltidsbøndene, derimot, ser det ut til at fleire viktige faktorar kan spele inn.

— Som låg inntekt, tungt kroppsarbeid og lange arbeidsdagar, forklarar Sanne, som peikar på viktige skilnadar mellom heiltidsbønder og andre yrkesgrupper:

n Førti prosent av bøndene har over femti timars veke. Tilsvarande tal for ikkje-bønder er fire prosent.

n Syttifem prosent av bøndene utfører tungt kroppsarbeid. Tilsvarande tal for ikkje-bønder er fem prosent.

n Trettiein prosent av bøndene har under 200.000 kroner i hushaldsinntekt. Tilsvarande tal for ikkje-bønder er fem prosent.

n Berre fem prosent av dei mannlege bøndene tener over 500.000 kroner i året, mot 29 prosent i andre yrkesgrupper.

- Ein sjeldan rase

I tillegg ser dyrebønder ut til å vere aller verst stilte, når det gjeld psykisk helse. Altså, husdyr-, egg- og mjølkeprodusentane.

— Forklaringa kan vere at det er desse bøndene som er blitt utsette for dei største forandringane. Mange mjølkeprodusentar har slutta berre dei siste åra, og drøssevis av bruk er lagde ned. Bønder kan snart bli ein sjeldan rase, seier Sanne til BT.

Også Arnstein Mykletun, Bente E. Moen, Grethe S. Tell og Alf A. Dahl er med i forskargruppa.