Formannskapet i Fjell skal på måndag drøfta etablering av ein kommunal pensjonskasse i kommunen. Utkilen seier til Kystradioen at med å setja to — tre hundre millionar kroner inn på eit pensjonsfond, vil ein komma ut med ei god forteneste i tillegg til at ein slepp ekstrarekningar frå KLP. Han vedgår at ein eigen pensjonskasse vil låsa store delar av dei fonda Fjell kommune har.

(KYSTRADIOEN)