Det Islamske Kultursenter var eitt av tre muslimske trussamfunn som vart nekta all kommunal støtte frå Bergen kommune i år, etter at det vart oppdaga store feil på dei innsendte medlemslistene.

122 av personane dei oppga figurerte på fleire ulike søknadslister samtidig, og fleire av medlemmane hadde flytta ut av så vel kommunen som landet.

Organisasjonen har no klaga den kommunale støttenekten inn for fylkesmannen. Dei meiner det er for strengt å kutte all støtte. «Denne typen feil og misforståelser er ikke til å unngå», heiter det i klagen. Kasserar Saeid Ali skriv at organisasjonen arbeider intenst med å rette opp feila i medlemslistene, og legg ved ei revidert liste på 370 namn. Den opphavlege inneheldt 542.

— Det er ikkje mogleg for oss å sjekke alle namna, slik kommunen kan. Vi har ikkje tilgang på folkeregisteret, og er avhengige av å få beskjed frå medlemmane våre dersom dei vil melde seg ut eller flyttar, seier kasserar Ali.

- Er ikkje i etterretninga

Han tykkjer det er rart at kommunen ikkje følgjer same praksis som fylkesmannen. Der fekk dei godkjent årets søknad med berre mindre rettingar.

Nokre veker seinare fekk dei brev om at det var gitt støtte til 112 medlemmer som også står oppført andre plassar. «Vi ber derfor om at dere (....) dokumenterer at medlemmene i vedlagte liste tilhører deres trossamfunn. Uregelmessigheter i medlemslisten vil få konsekvenser for neste års støtte», skriv fylkesmannen i Hordaland.

— På denne måten misser vi ikkje heile støtta, men får sjansen til å rette opp, seier Ali. Han understrekar at Det Islamske Kultursenter er svært lei seg for at dei har kravd støtte til for mange medlemmer.

— Vi ønskte på ingen måte å lure til oss pengar på ein slik billeg måte. No prøver vi å rydde opp i listene. Men vi er ikkje ei etterretningsteneste heller, det er veldig vanskeleg, seier Ali.

Drapstruslar i posten

Han tykkjer det er særleg vondt at medlemsrotet kjem opp no som det er krig og ufred både i Afghanistan og Midt-Austen.

— Vi kjenner oss utsette. Det er vanskelege tider for muslimar i Noreg. Medieoppslag om at muslimar er tatt for medlemsfusk vil bli brukt imot oss av uvettige folk, seier Ali.

Få dagar etter at medlemsrotet vart kjent, fekk Det Islamske Kultursenter eit anonymt hatbrev med nazistisk innhald og drapstruslar.

— Vi har aldri før fått noko slikt så lenge eg har vore med. Det er trist, og vi har levert brevet til politiet. Eg vil gjerne snakke med dei som sender slike brev for å fortelje dei om Muhammed og islam. Dei må berre ta kontakt, det hadde eg sett pris på, seier Saeid Ali.