Fredag 2. november kl. 19.30 i Fusa kyrkje innbyr kantor Iman de Zwarte til eit konsertforedrag om verket ”Passacaglia” av Johann Sebastian Bach.

Foredraget er basert på ein spennande teori som knyttar komposisjonen saman med siste boka i Bibelen: Johannes’ openberring. Mange har prøvd å tolke openberringa, men kanskje boka let seg best forklare i tonar?

Komposisjonen, som varer ca. eit kvarter, vart også framført i fjor. Sidan denne komposisjonen er såpass interessant, vil ein gjerne konsentrere seg på dette verket åleine.

I foredraget skal ein gå nærare inn på ulike musikalske teknikkar Bach nyttar for å få bodskapet frem. Til slutt vil verket verte framført på orgelet i Fusa kyrkje.

Fusa sokneråd inviterer hermed alle interesserte til ei annleis konsertoppleving!