Tre av fire brannar i driftsbygningar skuldast feil i elektriske anlegg. — Vi veit ikkje kor mange av desse brannane som startar ved at rotter og mus har gått laus på leidningar og anna elektrisk utstyr. Men vi reknar med at ein god del kan skrivast tilbake til smågnagarane, seier Fred Nilsen i forsikringsselskapet Gjensidige NOR til Bergens Tidende. Gnagarkontroll Gjensidige NOR er den klart største forsikringsaktøren innanfor norsk landbruk. Selskapet forsikrar 75 prosent av verdiane på norske gardar. Selskapet tilbyr no gnagarkontroll på norske gardsbruk. Bønder som seier ja til å inngå avtale om gnagarkontroll, får rabatt i forsikringspremien.Kontrollen vert gjennomført ved at eit firma set opp boksar med gift. Med jamne mellomrom sjekkar kontrollørar om det har vorte gnaga på boksane. Dersom kontrollane viser at rotter og mus er på ferde, vert det sett i verk tiltak. Sikrare - Eit døme på slike tiltak kan vere utlegging av gift. Etter vår meining er det langt sikrare at profesjonelle tek seg av å verte kvitt smågnagarane, enn at bonden sjølv kjøper rottegift og legg ut. Men samstundes er dette kanskje den type skadeførebygging som det er vanskelegast å få aksept for. Truleg har dette med å gjere at det er tradisjon mellom norske bønder for at dette er noko dei kan ta seg av sjølv, meiner Fred Nilsen.Han viser til at berre så vidt over to prosent av norske gardbrukarar har teikna avtale om gnagarkontroll.- Sjølv om vi ikkje kan dokumentere med tal kor stor del av brannar i driftsbygningar som har si årsak i rotter og mus, er det ikkje tvil om at dei små dyra utgjer ein stor risiko.