Diskusjonen var intens, men likevel sivilisert, då Lars Lie i går ettermiddag møtte foreldre ved Liljevatnet skule. Ordføraren si meining med møtet var å oppklara det han meinte var feil og mistydingar om ny bru mellom Sotra og Bergen.

Det stod ikkje på innsatsen, men Lie lukkast vel berre så måteleg.

Foreldreaksjonen ved Liljevatnet skule har gått hardt ut og hevdar at trafikken frå den nye brua, slik ho no er foreslått, vil verta ei endå verre støyplage enn dagens trafikk på riksvegen.

Mykje betre

Dette står dei på sjølv om avstanden mellom skulen og dagens riksveg er mykje mindre enn avstanden til den nye vegtraseen som vegvesenet vil byggja.

Statens vegvesen viste ein video laga på grunnlag av kart og vegplanar. Denne synte at den nye vegen frå brua inn i tunnelen knapt ville vere synleg frå taket av skulen. Og ein voll som skulle byggjast opp ville dempa støyen i retning mot skulen.

— For Liljevatnet skule vil den nye vegen framstå som ei mykje betre løysing enn den de har i dag. Og skuleborna vil få ein betre og tryggare veg til skulen, hevda seksjonssjef Magnus Natås ved Statens vegvesen.

Utsegna vart møtt med ein mur av skepsis.

— Kan vi få det skriftleg?

Det såg ikkje ut til at oppklaringsmøtet og videoen gav dei frammøtte ny innsikt i saka.

  • Det vi fekk sjå har vi sett før. Vi trur at kommunen og vegvesenet bagatelliserer problemet med støy, seier Bente Haugland, som stod i spissen for fakkeltoget mot ny bru tidlegare i januar.

Tungtrafikk i 80

Det er inga usemje om at ein ny riksveg frå ny Sotrabru vil passera bortimot 200 meter frå skulen. Og at dagens riksveg passerer tett inntil, men litt nedanfor i skjering. Dagens trafikk er på over 20.000 i døgnet.

Med ny bru vil riksvegen tett inntil skulen fungera som lokalveg med lite trafikk.

— Men dagens trafikk har fartsgrense på 60 km i timen. På den nye vegen vert fartsgrensa 80 kilometer. Og med mykje tungtrafikk vil det gjera støyproblema for skulen endå verre, seier Ann Kristin Schei.

Bru eller tunnel? Diskuter saka her.