Dei ni tilsette ved fjordhotellet i Skånevik har fått munnkorg av hotelleigaren, melder avisa Grannar.

Han valde å seia opp hotellet sin direktør i vår, etter mistanke om økonomisk underslag.

— Det er vel rett å seia at direktøren ikkje har heilt reint mjøl i posen, men å skulda han for heile konkursen blir å ta for hardt i, seier lensmann Jan Erik Matre i Etne til BT. Saka er framleis under etterforsking, men vil bli sendt over til politijurist om ikkje lenge.

Innbyggjarar i Etne blir no inviterte til å skipa eit nytt driftsselskap for å få sving på hotellet att.

FOTO: OVE OLDERKJÆR