Jan Malme i Mørekjøtt på Vestnes i Romsdal og Anton Ringøen i Kristiansand hadde sett seg leie på at Gilde vann dei fleste kontraktane fordi landsdekkande butikkjeder ville ha landsdekkande avtalar.Spis er brukt som varemerke, og rett før jul vedtok selskapet namnendring til Spis Norge AS.Eigarar i dag er Mørekjøtt-gruppen, Edla AS og Buffet AS. Interessene på Vestlandet er samla i dotterselskapet Norsk Kjøttindustri Vest AS i Åsane. Selskapet Nils Geitle AS er lagt inn under Åsane (dotterdotter av Spis Norge AS). Vossaverksemda vart kjøpt opp etter økonomiske problem samstundes som Spis-kjeda var i startfasen. Men heller ikkje Spis fekk lønsemd i drifta under Geitle-merket, og la ned produksjonen på Voss. Dei tilsette fekk så lokal hjelp til å skipa Voss Slakteri As, som til nyleg har drive slakting og kjøtforedling i dei same, men leigde, lokale, og med Vossamat som produktnamn.Spis Norge/Norsk Kjøttindustri Vest/Nils Geitle AS eig frå før bygningane og har kjøpt alt inventar og varelageret av konkursbuet. Dei har 4-5 mann i arbeid for å halda på kundane medan nye planar vert lagt.