Men gårsdagens aksjon utanfor Lundegrend tok ikkje Alsaker meir alvorleg enn at han ikkje ein gong møtte opp då Tysnes formannskap var på synfaring.

— Eg registrerer litt støy, og vi lever jo i eit demokratisk samfunn. Men eg føler meg trygg på å få gjennomslag for denne lokaliteten, seier Gerhard Alsaker til Bergens Tidende.

Ei aksjonsgruppe er etablert mot Alsaker Fjordbruk sitt planlagde storanlegg utanfor idylliske holmar og vikar ved Lundegrend. 200 protestunderskrifter er samla inn, og i går var det planlagt ein større småbåtaksjon då formannskapet var på synfaring.

Fire båtar

Berre fire båtar møtte ved Lindarholmen, noko aksjonsleiar Egon Teigland let det dårlege vêret få skulda for.

Aksjonistane meiner det planlagde lakseanlegget med plass til 3120 tonn biomasse er tenkt plassert i eit område med attraktive fiskeplassar og friluftsaktivitetat. Lokaliteten ligg i vêrharde Bjørnefjorden med risiko for lakserøming, meiner Teigland og medaksjonistane Trond Fauske og Helga Kristine Haaland.

— Anlegget skal byggjast etter dei strengaste krav, det vil liggja langt frå land, nesten usynleg for fastbuande, svarar Gerhard Alsaker.

600 meter frå land

Oppdrettaren frå Onarheim er blant Tysnes sine viktigaste næringsaktørar, og har støtte frå ordførar Helge Hauge (Sp) i denne saka.

— Eg føler at motstanden byggjer meir på kjensler enn realitetar. Anlegget kjem 600 meter frå land, langt utanfor den oppdrettsfrie sona vi bestemte i kystsoneplanen, og det er heile 100 meter djupt der, seier Hauge til Bergens Tidende.

Formannskapet har søknaden til handsaming anten 9. mai eller tidleg i juni.

Ove A.Olderkjær