Det vart som venta harde frontar mellom høgre— og venstresida, då bystyret i går tok for seg saka om Storetveitåsen.

På bordet låg ei innstilling frå kontrollkomiteen, som alle visste ville bli nedstemt. Innstillinga støtta kommunerevisjonen, som meiner byrådsleiar Monica Mæland braut med intensjonen i eit bystyrevedtak frå 1997 om å gjere Storetveitåsen til friområde. Det skal Mæland ha gjort, då ho etter valet i 2003 stoppa arbeidet med å ekspropriere åsen.

- Har ikkje brote reglar

Men Mæland avviser kritikken, og gjekk til sterkt åtak på Bergens Tidende då ho opna ordskiftet i bystyresalen.

— Eg har aldri opplevd at ei avis til dei grader set ein agenda. Det er greitt at ein meiner noko, men frå det å meine noko til at ein framstiller ei sak tendensiøst og med halve sanningar, sa ho.

Når det gjeld sjølve saka om Storetveitåsen, sikra byrådspartia saman med Frp og Høgre fleirtal for ein uttale om at byrådet «ikke har gått ut over sine fullmakter i denne saken».

Fleire frå byrådspartia sa at det nok hadde vore ein fordel om Mæland hadde fremja ordren til kommuneadvokaten som ei sak for byrådet. Det er Mæland samd i.

— Eg har òg sagt til kontrollkomiteen at i etterpåklokskapens lys ser eg at det hadde vore ein fordel om vi hadde arbeidd ut ei sak til byrådet. Men det har ikkje vore noko brot med lover og reglar, seier Mæland.

Fremjar mistillitsforslag

Det er opposisjonen på venstresida ikkje samd i.

— Denne saka handlar om at byrådet har brote grunnleggjande reglar for byparlamentarisme - at bystyret til ein kvar tid skal vere informert. Det kan ikkje vere slik at bystyret trur byrådet jobbar med å effektuere eit fatta vedtak, og så er det i røynda stoppa, seier gruppeleiar Torstein Dahle i RV, som enda ordskiftet med å varsle mistillitsforslag mot Mæland.

Det forslaget skal opp på neste bystyremøte, men har ingen sjanse for å bli vedteke. Heller ikkje Arbeidarpartiet vil røyste for det.

— Nei, no er saka avgjort, seier Terje Ohnstad (Ap), som likevel er samd i kritikken av Mæland.

- Dialog med grunneigar

Fristen for å fremje ei ekspropriering av Storetveitåsen går ut til hausten. Ifølgje kommuneadvokaten må saka fremjast raskt om det skal bli mogleg å ekspropriere.

Venstresida vil difor ha eit vedtak no, men byrådspartia meiner det ikkje hastar.

— Det er mange område som har status som friområde, som ikkje er innløyst eller ekspropriert. Det er ein dialog mellom byrådet og grunneiger i denne saka, og vi forventar at det kjem noko positivt ut av det, sa gruppeleiar Anders Skoglund frå Venstre, som understreka at partiet ikkje var framand for ekspropriasjon viss det blir naudsynt.

Silje Katrine Robinson