— Eg trudde først det var ein rev som kom vandrande nedover mot vegen. Men den var så heilt spesiell i fargen at eg stansa bilen. Det viste seg då at dyret var ein grevling. Det er ikkje mo-geleg å ta feil av eit dyr med så karakteristisk utsjånad, fortel Anders Gavle til Hardanger Fol-keblad.

Gavle fekk høve til å studera grevlingen på nært hald i fleire minuttar.

Grevling er utbreidd på Sørlandet og Austlandet, men som innvandrar til Hardanger er han sjeldan. På fjellet er den stundom sett, men ikkje rekande veglangs på veg mot Odda.

At heile Vestlandet i stor grad framstår som grevlingfritt område vert og stadfesta i boka «Pattedyrene 1» i serien «Norges dyr». Her vert særleg Sogn og Fjordane nemnt som eit om-råde heilt utan grevlingobservasjonar, men ein kan ikkje sjå bort frå at det har eksistert mindre lokale stammer på Vestlandet, melder Hardanger Folkeblad.