For ein vanleg personbil kostar det 150 kroner for kvar passering, og fylkesordførar Nils R. Sandal krev at prisen må ned.

50 kroner meiner Sandal er maksimalprisen for å køyre vegen, og ser føre seg at regjeringa må løyve midlar til å redusere bompengeselskapets gjeld på 435 millionar kroner.

Fleirtalet i samferdslekomiteen på Stortinget har allereie opna for at at bompengeprosjekt med store gjeldsproblem kan få slik hjelp. Dagens 150 kroner vil truleg stige i åra framover til prosjektet er nedbetalt i 2011, men Sandal påpeikar overfor NRK at allereie dagens pris er uhaldbar. Dette er ei av dei viktigaste vegstrekningane i fylket, som stadig fleire blir avhengige av, påpeikar Sandal. Fjærlandsvegen bind Indre Sogn saman med Sunnfjord og Nordfjord.

ARKIVFOTO: KNUT E. WANG