Kraftline gjennom Hardanger? Nei takk! Både Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Venstre er klare i sin tale: Dei krev at Statnett utgreier alternativet jord— eller sjøkabel, sjølv om ei slik løysing kan bli 4-5 gonger så dyrt som luftspenn til 430 millionar kroner.

— Kraftselskapa må tenkje meir enn 5-10 år fram i tid. Hardanger som turistmål står på spel, og vi må finne andre løysingar enn luftspenn. Dette blir eit viktig tema i valkampen, seier stortingsrepresentant Rune J. Skjælaaen (Sp) til BT.

Han meiner kabel er eit svært godt alternativ, sjølv om det blir dyrt - og sjølv om straumen til forbrukarane blir dyrare.

— Den rekninga får vi heller ta - ikkje berre bergensarane, men fordelt på alle straumabonnentane, seier Skjælaaen.

- Svær, nasjonal miljøsak

Den planlagde kraftlina frå Sima til Samnanger går gjennom fem kommunar, og mastene og leidningane vil vere godt synlege i fjordlandskapet.

— Kraftleidning over Fyksesund! Hallo!

Stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) ristar på hovudet. Denne veka møtte ho representantar for «Folkeaksjonen i Hardanger mot 420 kV-line», og bestemte seg umiddelbart for å engasjere seg. No sender Valle skriftleg spørsmål til miljøvernministeren om utbygginga.

— Eg aksepterer ikkje at sjøkabel ikkje blir vurdert. Heller ikkje at Statnett ikkje ser denne utbygginga i ein større, samfunnsøkonomisk samanheng. Dette er ei svær, nasjonal miljøsak, slår Valle fast.

— Eg har sjølv budd i Kvam i tjue år, og tenkjer med gru på at den flotte naturen skal bli øydelagd av svære stålmaster. Området er eit svært viktig og attraktivt reisemål, og turistar vil ha urørt natur. Dessutan er det mykje lokalt friluftsliv i området. Ei kraftline vil vere negativ for trivselen til hardingane, og i tillegg kjem strålingsfaren. Vi må leite etter løysingar som både sikrar straumforsyningar til bergensområdet og Hardanger-naturen.

- Gasskraft beste alternativ

Stortingsrepresentant Olav Akselsen (Ap) meiner at dei som har ansvar for linjenettet må tenkje alternativt så fort som mogleg.

— Noregs neste miljøkamp kjem til å stå om linjene våre - både det visuelle og spørsmålet om stråling. Vi må tenkje på alternative løysingar for slike store naturinngrep, og skaffe kraft nærare forbrukaren, seier Akselsen til BT.

— Gasskraftverk er ein del av dette bildet. I staden for å byggje kjempedyre leidningar, kunne pengane brukast til å forske på CO2-frie løysingar knytt til gasskraftverk på Mongstad.

— Kva med sjøkabel?

— Det er fornuftig å sjå på alle løysingar. Men mitt hovudpoeng er at vi kanskje kunne unngå heile leidningen med gasskraftverk på Mongstad.

Også Venstre vil stoppe gigant-kraftlina i Hardanger.

— Vi kan ikkje la Hardanger-naturen bli øydelagd av ei enorm, skjemmande kraftline. Det minste vi kan gjere på det no er å krevje utgreiing av sjø- eller jordkabel, seier miljøpolitisk talskvinne i Venstre si stortingsgruppe, May Britt Vihovde.

Eit spørsmål om pris

Øyvind Halleraker frå Høgre er den einaste av stortingspolitikarane BT snakka med i går som ikkje vil gjere kraftlina til valkampstoff.

— Nei, vi vil ikkje ha synspunkt på denne saka før lokale interesser har komne med sine synspunkt i den første høyringsrunden. Dette er ein lang prosess, seier Halleraker til BT.

— Vi føreset at Statnett følgjer retningslinene frå Stortinget, og desse er vi nøydde til å forhalde oss til, alle saman. Ein må gjerne meine noko om slike naturinngrep i ein valkamp, men til sjuande og sist er dette eit realpolitisk spørsmål om vi ønskjer straumforsyning på eit akseptabelt prisnivå til forbrukar. Det er dét dette handlar om.