– Kvinna var åleine på sykkelen og kom utfor asfaltkanten på riksveg fem ved Grov, seier operasjonsleiar Wenche Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var ingen andre køyrety involvert i ulukka, og 45-åringen vart send til Førde sentralsjukehus i luftambulanse.

Sjukehuset opplyser at tilstanden til kvinna er stabil, men at ho framleis ligg på intensivavdeling.