Sist veke var det Valen gard som blei heimsøkt av proffe tjuvar som tok seg fram til to innelåste motorsager verd i alt 14.000 kroner, melder avisa Grenda.

Sigurd Børve ved Kvinnherad lens-mannskontor stadfestar at det har vore ei rekkje motorsagtjuveri i kommunen i det siste, særleg i området mellom Herøysundet og Sunde.

Mønsteret som går att er at tjuvane går etter motorsagene og let andre verdigjenstandar stå urørte. Det skjedde også på Valen gard sist torsdag.

Grenda spekulerer i om det handlar om tjuvar som har kontakt med organiserte kriminelle i dei baltiske landa, der marknaden for motorsager skal vera ekstra god.

— Det er tydeleg at det er nokon som har spesialisert seg nettopp på å stela motorsager. Det verkar som om motorsager er lett omsettelege, seier politioverbetjent Sigurd Børve til Grenda.