Klokka er 04.25. Slitne BT-kroppar ligg i tung søvn på lugaren under dekk. Utmatta etter dagar med intens skriving, fotografering og nye inntrykk. Og motordur.

— Drrrrrrrrrrrrrr!

Motoren brummar litt før han igjen spring i gang. Kapteinen vil ha god tid på turen frå Skjerjehamn til Vik. Rutetabellen er viktigare enn journalistsøvn.

Det er ikkje tilfeldig at me skriv den eine loggen etter den andre om motoren på «Granvin». Motorduren er blitt eit fenomen om bord. Me er faktisk nesten blitt vane til den konstante motorbassen kombinert med den lysare koringa frå dørklinka. Berre ikkje når me søv. Det er ikkje lett for ei sovande sjel å bli van til sånt.

— Er det alltid ein sånn lyd her? spør folk som er innom redaksjonen under dekk.

— Ja, mesteparten av tida, må me medgi.

Eit smil fylt av medkjensle kjem gjerne i retur.

Den beste oppfølgingskommentaren kom i går:

— Du kjem nok til å sakna motorduren når du er heime igjen søndag kveld.

Aldri sei aldri. Men først skal eg sova.