TERJE ULVEDAL

Måndag kveld fekk ei av landets minste ferjer, M/F «Barmen», motorhavari. — Det er 30 bilar på øya. Vi kom oss verken fram eller tilbake med dei. Det har vore omtrent som å vere innesperra av ras, seier barmøybuar Tore Stenberg.

Ein skyssbåt blei ut på dagen tysdag sett inn i ruta, og frakta mellom andre skule- og barnehageborna over sundet til bussen på ferjekaia på fastlandet. Mellom dei som blei råka var nokre tyske turistar som skulle reist frå øya tysdag morgon.

I følgje innbyggjarane på Barmøya har det berre vore eit tidsspørsmål før dette ville skje. Det har i lang tid blitt jobba for å få ei ny ferje i sambandet. Paradoksalt nok kan motorhavariet gje gjennomslag for kravet.

— Det har vore fleire møte om ny ferje. Men vi har ikkje komme fram til noko løysing, fordi fylkeskommunen har vore restriktive til å auke tilskotet, seier Svein Dam-Nielsen i Selje kommune.

Dei siste åra har folketalet på Barmøya auka. Og fleire nye familiar vurderer å flytte til øya.

Det ti minutt lange ferjesambandet over Barmsundet knyter øybuarane til fastlandet. På kvardagar går ferja ni-ti turar fram og tilbake. Årstrafikken er kring 8000 bilar og 16.000 reisande.

Førstekonsulent Inge Horstad i fylkeskommunen understrekar at Barmøyferja er eit kommunalt samband, og at kommunen dermed først og fremst har ansvaret.

Ferjemotoren blei tysdag kveld undersøkt av ekspertar, men det er førebels uvisst kor lang tid det vil ta å reparere skadane. No meiner Horstad det må vurderast om det vil vere føremålstenleg å reparere motoren.

— Selskapet har ei ny ferje på hand. Vi må no sjå på om det vil vere like bra at dei går til innkjøp av denne.

STOD IGJEN: Bilane stod att på kaien etter at ferja over Barmsundet fekk motorhavari. Biletet blei tatt tysdag, før ei av landets minste ferjer blei slept til Måløy.<p/> FOTO: TORE STENBERG