HILDE KRISTIN STRAND

— Ein 25 hestars motor, ein bensintank og eit batteri vart funne delvis tildekka i Digernessundet på Stord i 8-tida i dag tidleg.

Det er observert ein mistenkeleg person i området som me trur kan ha stole desse tinga, seier operasjonsleiar Bjørn Lavik i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt til bt.no.

Seinare vart det funnen ein Askeladd 435 ved Sæbø gard i Kårevik.

— Me trur at det som vart funne i Digernesundet kan høyra til denne båten, seier Lavik.