Næringsministeren har avtalt eit møte med Hydro-leiinga for å drøfte den dramatiske situasjonen for aluminiumverka i Årdal, Høyanger og Karmøy.

— Departementet er fullt ut orientert om konsekvensutgreiingane som siste dagane har blitt lagt fram. Eg har hatt eit møte med leiaren for prosjektet undervegs i arbeidet, og var kjend med konklusjonane. Eg ventar at Hydro i det møtet vi skal ha, er konkrete på kva dei vil ha endra, og er budd på å gå i dialog med selskapet om dette.

Provosert over kritikk

Høgre-statsråden er provosert over Ap-toppar som siste dagane har kritisert han for å vere passiv. På eit møte i Høyanger tysdag nærast harselerte Ap-leiar Jens Stoltenberg over at ministeren alltid svarer at verktøykassa er tom. I gårsdagens BT ba Høyanger-ordførar Kjartan Longva Gabrielsen vakne. Og leiaren i næringskomitèen på Stortinget, Olav Akselsen, har kritisert statsråden for ikkje å ta ansvar.

— Dersom desse Arbeidarpartipolitikarane har konstruktive innspel, skal eg med glede høyre på dei. Men den gamle plata dei har spelt siste dagane, vil eg ikkje lytte til, seier næringsministeren.

Til Bergens Tidende seier Gabrielsen at han fullt ut er klar over dei dramatiske følgjene, dersom ureinande Søderberg-hallar blir stengde, og ikkje erstatta med moderne produksjonsanlegg. Berre i Årdal og Høyanger vil kring 1000 industriarbeidsplassar kunne gå tapt. I tillegg kjem ringverknader til anna næringsliv og kommunar som følgje av nedgang i folketalet.

- Kjempeutfordring

— Særleg for Årdal og Høyanger er «worst case» veldig dramatisk, fordi dei er så avhengige av aluminiumverka. Bestemmer Hydro seg for å fase ut Søderberg utan å modernisere, står vi overfor ei kjempeutfordring i Sogn. Ei slik utvikling vil også vere alvorleg for Karmøy, men der er det trass alt eit meir allsidig næringsliv. Men vi har også ei erfaring med Hydro, som tilseier at dei opptrer ansvarleg i slike situasjonar.

Overfor Bergens Tidende vil næringsministeren ikkje vere konkret på kva han kan vere villig til å diskutere med Hydro-leiinga.

— Eg har forstått at det er særleg tilgang og pris på kraft, det høge kostnadsnivået og skattar/avgifter som Hydro meiner gjer det vanskeleg. Kva styremaktene kan gjere, er noko vi først vil drøfte med selskapet. Men eg skal gjere mitt for at vi framleis skal ha kraftkrevjande industri her i landet, seier Gabrielsen.