Mannen har både vore løpegutt for bakmennene i den store dopingringen som politiet avslørte i Førde i fjor, og i tillegg sjølv importert stereoidar med meir frå Thailand.

No er han dømt til fem månaders fengsel på vilkår, ti tusen kroner i bot og inndraging av drygt fire tusen kroner.

Saka er ein del av dopingsaka med utspring i Førde, der 63 personar er pågripne i 16 ulike norske politidistrikt.

Retten legg skjerpande vekt på 32-åringen si rolle som selgjar, og viser til at mannen driv motebutikk og utestad i Førde, og at han tidlegare har vore medeigar i eit helsestudio.

— Dette er steder hvor en får god kontakt med ungdoms- og treningsmiljø, og er godt egnet for omsetning av dopingmidler, skriv Fjordane tingrett.

Den tidlegare ustraffa mannn la i retten korta på bordet og erkjente straffskuld for siktinga som blant anna omfattar import av tusen stereoid-tablettar frå Thailand og oppbevaring av meir enn to tusen illegale tablettar i eige husvære, samt sal og vidareformidling av såkalla norgespakkar med doping.

Mannen fekk ifølgje dommen 15 prosent rabatt på straffa fordi han tilstod.