Motbakkekongen

Først vant Jon Tvedt motbakkeløpet Stalheimskleiva Opp. Så løp han dei bratte svingane ein gong til.

Motbakkekongen sette standarden for det nye løpet med imponerande 9 minutt og 4 sekund på to kilometer stupbratt asfal-tert veg med 13 slyng.

Kristen Skjeldal måtte sjå seg slått med 24 sekund, nesten på heimebane.

Marit Seim var raskast av kvinnene til topps. Unge gutar som Torstein Haaker Dagestad og Rasmus Vonen i klasse 12-13 år imponerte med å legga vaksne karar dugeleg langt bak seg.

VM neste
For Jon Tvedt vart to kilometer ein treningsdose i minste laget to veker før VM i motbakkeløp går av stabelen i Carans Montana i Sveits.

Før gårdagens løp jogga han eit tur opp Stalheimskleiva og ned att for å gjera seg kjend med løypa.

Etter den offisielle tevlinga jogga han ned att, og sprang opp løypa ein gong til, eitt minutt saktare enn den ferske rekorden, men no med joggesko og ein liten ryggsekk.

– Det er viktig med kvalitetstrening no. Eg hadde tenkt å ta ein tur til for fullt, men akillesen murra litt, og eg let det vera, seier Jon Tvedt.

– Er to kilometer for kort?

– For meg akkurat no, er det det. Utan VM rett rundt hjørnet ville det vore midt i blinken. Dette er ei flott tilskiping i utruleg vakker natur, seier Tvedt.

Spreke politikarar
Motbakkeløpet Stalheimskleiva Opp inngår i tilskipinga Verdsarv-veitla på Stalheim.

I tillegg til dei som kappsprang opp kleiva, var det 70 som gjennomførte trimklassen utan tidtaking. Snart 90-år Bjarne Stavenes var eldstemann. Han fullførte i fin stil.

Tilskiparen har rekna ut at Voss har dei sprekaste folkevalde i verdsarvområdet. Seks av dei 43 i Voss kommunestyre deltok i Stalheimskleiva opp, med eller utan tidtaking. Det tilsvarar 13,9 prosent av dei folkevalde og innsatsen gav napp i Verdsarvplaketten. Aurland kommunestyre vart nummer to med seks prosent.

Vosseordførar Gunn Berit Lunde Aarvik fekk ekstra «betalt» ettersom ektemannen vann lunsj for to på Stalheim Hotell, uttrekt på startnummer. Ordføraren er rimeleg trygg på at ho får vera med.

Se flere bilder her.

Sjekk resultatlista her.

Les også

Siste fra Lokalt

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Krever 90 millioner for omstridt hus

Etter å ha leid ut ulovlig i flere år, kan Thomas Jellestad Jensen tjene flere titalls millioner kroner på eiendommen.

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Relaterte bilder

FOTO: Arne Hofseth

FOTO: Arne Hofseth

FOTO: Arne Hofseth

FOTO: Arne Hofseth

FOTO: Arne Hofseth

FOTO: Arne Hofseth

FOTO: Arne Hofseth

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger