— Vi er nøydde til å gå til ei samanslåing, seier Sp sin gruppeleiar i Førde bystyre, Norvald Erdal. Leiar i Senterpartiet i Jølster, Ola Søgnesand, er einig: – Vi kjem ikkje utanom samanslåing, meiner leiaren for det klårt største partiet i Jølster.

Det er avisa Firda som har lodda stemninga i dei fire kommunane.

— Slaget for dei som kjempar imot samanslåing er tapt, legg Sp-leiaren i Jølster til. Det vil ifølgje utrekningar gi innsparing på nær 20 millionar kroner årleg på administrasjon ved samanslåing av dei fire kommunane.