Gårsdagens rådsmøte i Hardanger gav sin daglege leiar, Leiv Vambheim, fullmakt til å ordlegga seg så krast han berre ville i eit protestskriv til Hordaland fylkeskommune.

— Fylkespolitikarane var svært så ottefulle for Granvin si framtid då dei protesterte mot Gilde si nedlegging av slakteriet. Men pipa får ein annan lyd når det er fylkeskommunen sjølv som vil legga ned eit viktig tiltak i kommunen her, sa Granvinordførar Olav Seim, som i går var vertskap både for Hardingtinget og eit rådmøte i Hardangerrådet.

Rektorane ved dei fem vidaregåande skulane på Voss fekk enda beiskare kritikk av Hardangerrådet.

— Rektorane var pålagde å finna pengesparande samordningstiltak. Dei vart ikkje einige om noko som helst tiltak på Voss, og enda opp med den lettvinte løysinga - å legga ned filialen i Hardanger, sa Seim.

Han vonar at det no blir fleirtal i fylkeskommunen for å forkasta framlegget.

Det vidaregåande skuletilbodet i Granvin består av ei elektrofagline som filial under Voss vidaregåande skule. Lina har for tida tre klassar - to grunnkursklassar og eit vidaregåande kurs I (VKI). Lina er populær, skulen har stabil lærarstab, og god tilgang på elevar frå regionen. Men rektor har påpeika at det er pengar og ressursar å spara ved å flytta skulen frå Granvin til Voss. Sidan mange av elevane reiser med buss frå Voss, har det også i elevflokken år om anna vore stemning for flytting til det større elevmiljøet på Voss.

I FULL BREIDDE: Granvinordførar Olav Seim (lengst til høgre) fekk brei støtte frå dei andre ordførarane i Hardanger mot flytting av elektrofaglina i vidaregåande skule frå Granvin til Voss. Frå venstre Solfrid Borge, Ullensvang, Astrid Selsvold, Kvam, Ola B. Hereid, Eidfjord, John Olav Heggseth, Ulvik, Toralv Mikkelsen, Odda, John Skogseth, Jondal og Olav Seim, Granvin. FOTO: ARNE HOFSETH