— Eg har aldri opplevd noko så dramatisk, seier avdelingsdirektør Frode Henden.

På det meste hadde Fundo over 350 tilsette. Etter permitteringar og arbeidsforhold som blei avslutta siste halvår i fjor, var det rundt 250 tilsette då konkursen blei opnar for ein månad sidan.

Arbeidsmarknadsetaten har tidlegare gått ut med at dei trur mellom 400 og 500 personar direkte eller indirekte vil misse jobben i Høyanger og nabokommunane som følgje av nedlegginga av Fundo. Fleire store underleverandørar slit no tungt med å halde aktiviteten oppe.

Informasjonsmøte

Henden, som har vore fylkesarbeidssjef i Sogn og Fjordane i fleire år, var sjølv med på to informasjonsmøte med dei Fundo-tilsette i går ettermiddag. I møtet med arbeidarane som no misser jobben, sa Henden at han aldri har opplevd ein tilsvarande situasjon.

  • Dette er noko vi tek på største alvor, sa Henden.

Han sa at NAV i første omgang har som mål å sikre økonomien gjennom å få til rask utbetaling av dagpengar til dei tilsette.

  • Dette er noko vi skal greie betre enn andre stader i landet, sa Henden med klar adresse til kritikken mot NAV-kontor som må be arbeidsledige gå på sosialkontoret fordi dei ikkje klarer å handsame sakene raskt nok.

- Trasig

Mellom 80 og 90 arbeidarar var med på det første av gårsdagens informasjonsmøte. Mellom dei var 58 år gamle Nils Brekke:

  • Det er ein trasig måte å gje oss på, men eg har skjønt at det gjekk den vegen ei stund.

Det siste håpet om å berge felgfabrikken forsvann onsdag kveld, og same kvelden blei også siste felgen produsert. Likevel var det aktivitet i natt og truleg blir det også jobba framover dagen i dag med lakkering og anna ferdiggjering av felgar.