PER MARIFJÆREN

Etter år med fram og tlbake ser no brikkene ut til å falle på plass for den nye vegen mellom kommunesenteret Eivindvik og Dingja i Gulen. No er det stort sett berre kommunen sjølv det står på.

For fylkestinget i Sogn og Fjordane sa onsdag ja til å yte rundt 12 millionar kroner til prosjektet, på vilkår av at kommunen stiller med nær fire millionar. Næringslivet i kommunen er omtrent i mål med sin del av spleiselaget, så nå er det opp til lokalpolitikarane i kommunen. Ifølgje ordførar Trude Brosvik er dei på glid i saka, som blir avgjort måndag.

— Det er snakk om å bruke av eit fond vi har etter den siste emisjonen i BKK, seier Brosvik.

— Eg meiner det er strategisk riktig for kommunen å satse pengane på denne vegen. Dingja er ei perle av ein plass, og med ny veg vil ting kome til å skje der.

Blir det ny veg, står den ferdig om to år. Da vil dei 3,5 mila med svært dårleg veg mellom Eivindvik og Dingja bli erstatta med rundt åtte kilometer ny snarveg. I kjøretid er det snakk om nesten ein times forskjell.

Opphavleg skulle ei planlagt oppdrettssatsing på Dingja vere med på å finansiere vegen. Da prosjektet fall i fisk, vart også vegplanane skubba ut i det uvisse.

— Eg trur at denne saka har modna seg i hjå politikarane våre, slik at dei fleste no er innstilte på få det til, seier ordføraren.

Varaordførar Hallvard Osland (Sp) er mykje samd i denne analysen, men vil ikkje utbasunere sitt standpunkt før partiet har hatt gruppemøte om saka.

— Men folk veit at vi jobba for å få fylkestingsgrupa i Sp med på vedtaket der, og det burde jo seie ein del, er kommentaren frå Osland.