— Eg håpar landbruksministeren tek tak i det heile og får inn eit betre klima i forhandlingane, seier Fitjar-veterinæren Johannes Slettebø, nestleiar i Vestenfjeldske Veterinærforening.

Bønder og kjæledyreigarar blir ramma når landets rundt 600 veterinærar frå 1.februar ikkje lenger går vakter og berre blir å treffa i ordinær arbeidstid, så sant det ikkje står om sjuke dyr sitt liv.

— Dette er ikkje noko me ønskjer. Men me har vore tålmodige i mange år, seier Johannes Slettebø. Slettebø opplyser at vakttillegget i dag er 13 kroner timen, 20 kroner i helgene. Den norske veterinærforening ønskjer at medlemmene skal koma opp på vakttilleggsnivå med statstilsette veterinærar, eller rundt 40 kroner timen. D et samla kravet frå veterinærforeningen er på hundre millionar kroner, statens tilbod det halve. Måndag blei det brot i tingingane.

— Etter kvart fekk me eit tilbod som såg tilfredsstillande ut. Men det viste seg at det var inkludert moms, dermed forsvann ein firedel av tilbodet, seier Johannes Slettebø, som i det siste har hatt veterinærvakt.to-tre gonger i veka i snitt. Vestenfjeldske Veterinærforening har medlemmer i Sogn og Fjordane og Hordaland.