Skredekspert Krister Kristensen ved Norges Geotekniske Institutt (NGI) seier til firda.no at det vil vere vanskeleg å vurdere forholda i påskefjellet. Laginndelinga i snøen vil lettare bryte saman av temperaturauken og sola som er venta i denne perioden.

– Å ferdast i bratt terreng denne påska vil vere risikabelt. Spesielt stader over 1000 meter og plassar der det er brattare enn 30 grader vil det vere utsett, seier Kristensen.

Rådet hans til turgåarar i påska er å velje tur etter evne. Påsketuristar som kjenner seg usikre, må ikkje ta sjansar.