Det kan gå mot fusjon mellom dei to lokale sparebankane med hovudsete i Sunnfjord, Sparebanken Flora-Bremanger (Florø) og Sparebanken Sogn og Fjordane (Førde). Det er klart etter styremøte i Sparebanken Flora-Bremanger torsdag denne veka.

Pan Fish-tap

Dette skjer etter at banken i fjor avkrefta at tapa ville føre til at kystbanken ville misse sjølvstendet. I ei pressemelding seier banken at dagens eigenkapital er god nok til at den kunne stått på eigne bein, men at ei samanslåing med Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere ein fordel både for Flora, Bremanger og finansnæringa i fylket.

Sparebanken Flora-Bremanger kom ut med eit negativt resultat på 40 millionar kroner i 2002, etter at 70 millionar kroner var sett av til tap. Storparten kom på bankens engasjement i oppdrett, og ein vesentleg del har samanheng med giganten Pan Fish.

Samanslåing i november

Folk med grunnfondsbevis i banken vil få tilbod om innløysing til ein kurs på 115 kroner. Dersom avtalen går gjennom kan det bli samanslåing allereie frå 1. november i år.

Vedtaket om samanslåing av dei to største sparebankane i Sogn og Fjordane krev to tredel fleirtal i forstandarskapane. Det skjer eventuelt den 28. februar.

Går fusjonen i boks, vil den nye banken få rundt 13 milliardar kroner i forvaltning og ha om lag 40 prosent av bankmarknaden i Sogn og Fjordane fylke. Den fusjonerte banken vil ha kontor i 20 av dei 26 kommunane i fylket og få cirka 250 tilsette. Ingen skal, ifølgje pressemeldinga, seiast opp og alle går over i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Utanom Florø har dei to bankane ingen dobbeltetableringar. Filialnettet til Sparebanken Flora-Bremanger vil derfor ikkje bli berørt av ein fusjon. Heller ikkje administrerande banksjef Vidar Strømsøy i Sparebanken Flora-Bremanger blir arbeidsledig.

— Saman står vi betre rusta både med kapital og kompetanse, seier Strømsøy i pressemeldinga. Etter ein fusjon blir han kontorleiar i Florø, med ansvar for filialnettet på kysten.