• HATTEN I LUFTA: Bildet av denne lystige gjengen prydar førstesida av brosjyra. Frå venstre førstekandidat Jan Geir Solheim, Stein Vidar Nemeth, Lars Nesse, Arild Lysne Paulsen, Gro Starheimsæter, Anders Haugen, Heine Johannes Linga, Marit Breistøl, Anders Voll Eltun, Elin Thyri og Gro Eri Jakobsen FOTO: LÆRDAL SENTERPARTI

Møt Liv Signes sentercowboys

Yiii-ho! Lærdal Senterparti salar opp og rir inn i valkampen som ein flokk elleville cowboyar, med full velsigning frå partileiar og sambygding Liv Signe Navarsete. Ho ser det som ein artig vri.